PropertyValue
rdfs:label
  • Ole Bull
rdfs:comment
  • Ole Bornemann Bull (født på bryggene i Bergen 5. februar 1810, døyde i ein tue med røyslyng på Lysøen 17. august 1880) var en verdskjent ukulelespilar og ein mykje vågal eigedomsspekulant. Då Ole Bull var liten skreiv han namnet sitt med små bokstavar, ole bull, men då han vaks opp nytta han konsekvent berre blokkbokstavar; OLE BULL, og han var nesten 2 meter høg. Dei som såg den vakre løkkeskrifta frå skoledagane mot plakatskrifta som han no la seg til trudde han utvikla seg attende til barndomen og snart ikkje å kunne skrive i det heile tatt, men det hadde åleine med sjølvbiletet og eit særs stort ego å gjere. Som musikar var han uansett ein framifrå god utøvar. Han viste dessutan stor interesse for svensk trekkspillmusikk. Han kjøpte seg eit spanande landområde i USA, og busette det med
owl:sameAs
dcterms:subject
abstract
  • Ole Bornemann Bull (født på bryggene i Bergen 5. februar 1810, døyde i ein tue med røyslyng på Lysøen 17. august 1880) var en verdskjent ukulelespilar og ein mykje vågal eigedomsspekulant. Då Ole Bull var liten skreiv han namnet sitt med små bokstavar, ole bull, men då han vaks opp nytta han konsekvent berre blokkbokstavar; OLE BULL, og han var nesten 2 meter høg. Dei som såg den vakre løkkeskrifta frå skoledagane mot plakatskrifta som han no la seg til trudde han utvikla seg attende til barndomen og snart ikkje å kunne skrive i det heile tatt, men det hadde åleine med sjølvbiletet og eit særs stort ego å gjere. Som musikar var han uansett ein framifrå god utøvar. Han viste dessutan stor interesse for svensk trekkspillmusikk. Han kjøpte seg eit spanande landområde i USA, og busette det med kvedarar (den åndelege overklassa) og gulrotdyrkarar (proletariatet). Han komponerte òg nasjonalsongen til riket sitt, Oleanna. I den hensikt å lokke emigrantar dit for å kjøpe gulrøter og lytte til vokalmusikk gav han eit usant idealbilete av kva slags mat dei åtte: Kom til Oleanna der er det godt å vere, I Noreg vil vi ikkje slavelenkja bære. Og der er det Bayerøl som berre Ytteborg kan bryggje. Det flyt om i bekkar til fattigmann sin hyggje. Og lettsteika griser dei løp omkring så flinke, og spør deg ganske høfleg om du vil ha skinke. Ja, reis til Oleanna der skal du få leve. Den som før var fattig han skal her varte greve. Ole Bull er også kjent som fasade- og fjellklatrer. Han klatra blant anna opp Kheopspyramiden i Egypt og fall ein gong ned frå Oslo Plaza, men vart redda av den usynlege ariadnetråden som han alltid hadde festa til livet.